
Rydd opp i økonomien
Har du fått litt mindre å rutte med og opplever at rekningane begynner å hope seg opp? Viss du ofte må ty til kredittkort for å dekke utgifter på slutten av månaden, kan det vere lurt å vurdere refinansiering.
Få betre kontroll og færre bekymringar i kvardagen
Når utgiftene aukar eller inntekta går ned, skal det ikkje mykje til før smålån og kredittkort blir utfordrande å handtere. Ved å refinansiere kan du få lågare månadlege kostnader og betre oversikt over økonomien – før det blir ei belastning.
Det er betre å handle tidleg, før gjelda blir for stor. Ved å refinansiere får du betre lånevilkår tilpassa din økonomiske situasjon, noko som gjer det lettare å rydde opp.
Ved å refinansiere kan du bli kvitt gjelda raskare
Kredittkort og forbrukslån gir fleksibilitet når det trengst, som ved uventa utgifter eller større investeringar. Men dei høge rentene kan raskt gjere små lån her og der til ei stor utfordring viss dei ikkje blir betalt ned i tide.
Mange kredittkort, delbetalingsavtalar og smålån har effektive renter på mellom 20 og 30 prosent. Dersom du ventar for lenge, kan det bli dyrt å kome ajour.
Ved å refinansiere samlar du gjelda di i eitt lån med lågare rente. Du får føreseielege avdrag og kan betale ned gjelda i eit tempo som passar deg.
Meir til overs kvar månad
Når gjelda blir for stor, kan det vere freistande å bake ho inn i bustadlånet. Men det kan òg løne seg å unngå det.
Det kan vere gunstigare å betale ned forbruksgjelda over fem år i staden for å fordele ho utover bustadlånet si løpetid. Då slepp du både etableringsgebyr og ekstra kostnader, samstundes som du raskare blir gjeldfri.
Med refinansiering tilpassar vi nedbetalingstida til lånebeløpet og din økonomiske situasjon, slik at du får ei løysing som fungerer for deg.
Når bør du vurdere refinansiering?
Straumprisar, renteaukar og auka levekostnader har pressa økonomien til mange. Viss du i tillegg betaler på dyr forbruksgjeld, kan det raskt bli krevjande.
Merkjer du at det blir vanskelegare å betale rekningane i tide, kan refinansiering vere ei løysing. Det handlar om å gjere det enklare å kvitte seg med gjelda og unngå å betale meir enn nødvendig.
Refinansiering passar for deg som:
- Har fleire lån og ønskjer å samle alt på eitt stad
- Ønskjer å spare pengar og redusere dei månadlege kostnadene dine
- Treng meir økonomisk spelerom kvar månad
Med refinansiering får du:
- Færre fakturaer og gebyr
- Lågare rente
- Full kontroll med eitt lån
Sjekk om refinansiering løner seg for deg ved å leggje inn ein uforpliktande søknad.
Priseksempel refinansiering av forbruksgjeld
Refinansieringslånet er levert av Kredittbanken ASA.
La oss hjelpe deg å refinansiere dyre smålån og kredittkort
Det kan vere godt å få gode råd og rettleiing på vegen. Saman finn vi den beste løysinga skreddarsydd for økonomien din.