Velg riktig finansiering for din økonomi og ditt oppussingsprosjekt
I følgje Prognosesenteret planlegg 40 prosent av oss å pusse opp bustadene våre i løpet av året – og totalt vil vi bruke over 70 milliardar kroner på det. Vi er europameistrar i oppussing, men er vi like flinke til å ta gode økonomiske val når sagflisen virvlar rundt oss?
Nedbetalingstid er like viktig som renta
-
Veldig mange ser berre på renta når dei skal låne pengar til oppussing, og endar opp med å bake det inn i bustadlånet. Det er viktig å hugse på at nedbetalingstida har like mykje å seie, seier Anders Gran, salgs- og markedsdirektør i Eika Kredittbank.
-
Spesielt gjeld det om du skal i gang med mindre oppussingsprosjekt. For eksempel om du skal låne 100.000 kroner til nytt kjøkken. Då kan du spare mange tusen på å ta opp eit Smålån og betale det ned på eit par år, sjølv om renta er høgare, fortel han vidare.
I hovudsak har du tre lånemoglegheiter når du skal pusse opp. Gran meiner at storleiken på oppussingsprosjektet ditt avgjer kva finansieringsløysing som er best:
1. Kredittkort – når du kan betale ned raskt
Kredittkort er aldri ei god langsiktig finansieringsløysing, men det kan vere gull verdt innimellom. For eksempel om det er nyttårssal eller tilbod på varer du uansett har planar om å kjøpe. Med eit kredittkort har du moglegheit til å slå til der og då. Det er også kjekt om det dukkar opp uforutsette utgifter, noko det gjerne gjer når du pussar opp. Hugs uansett alltid å betale ned så fort du kan, seier Gran.
Enno ikkje fått kredittkort frå lokalbanken? Det er aldri for seint å søke.
2. Forbrukslån – når du skal finansiere mindre prosjekt
Det er sjølvsagt forskjell på kva som blir oppfatta som «mindre» prosjekt, avhengig av økonomien din. Alt frå maling og tapetsering til nytt golv eller kjøkken er typiske oppussingsprosjekt det ofte vil lønne seg å finansiere med eit forbrukslån. Eit forbrukslån med 10 prosent rente som du betaler ned på eit par år, er rimelegare enn eit bustadlån med 2,5 prosent rente som du betaler ned over 30 år, seier han vidare.
Sjekk pris og søk om forbrukslån her.
3. Boliglån – til dei største prosjekta
Må du fikse råteskader, bytte kledning eller gjere andre større oppgraderingar på bustaden din? Når oppussingsprosjektet kostar fleire hundre tusen kroner og bidreg til at verdien på huset aukar, vil det vere fornuftig å bake det inn i bustadlånet ditt, avsluttar Gran.
Oppussingsplanar? Snakk med ein rådgivar om finansiering i dag.