Banken er miljøfyrtårsertifisert
- Vart sertifisert fyrst gong i juni 2020
- Resertifisert i juni 2023
- Banken jobbar i tråd med FN sine berekraftsmål
I over 125 år har banken drive utvikling og velferd i vårt lokalsamfunn. I dag står me overfor nye og større utfordringar relatert til klima og miljø, sosiale tilhøve og økonomisk styring. Som lokalbank har me eit ekstra ansvar for berekraftig økonomi utan å skade menneske og naturen rundt oss.
Kvifor jobbar me i lokalbanken med berekraft? Jo, det er jo difor me er her i utgangspunktet. Det er samfunnsoppdraget vårt.
Dei norske lokalbankane vart oppretta for å bidra til vekst og økonomisk utvikling i sine lokalsamfunn, og for å gje vanlege folk mogelegheit til å spara for ei trygg økonomisk framtid. Det var berekraft i praksis den gongen, og det er det framleis.
Noreg og verda har endra seg. Menneska påverkar naturen, klimaet og kvarandre på måtar som ingen hadde kunne førestilla seg då banken vart oppretta. Difor handlar berekraft i vår tid også om noko meir.
Skal me sikra at landet vårt vert ein god stad og bu også i framtida, må me ha økonomisk tryggleik og arbeidsplassar. Me må handsame kvarandre bra, og unngå store klimaendringar og naturøydeleggjingar.
Me i banken er ikkje ekspertar på klima eller nautur, men me kan nokså mykje om korleis dine og mine prosjekt, bustadkjøp, reiser og forbruk kan påverke samfunnet vårt og verda rundt oss. Banken utviklar seg også stadig innan desse områda.
Saman med deg, andre menneske og bedrifter i lokalsamfunnet, vil banken bidra til auka fokus på berekraft der me kan.
Me jobbar med å verta ein enno betre rådgjevar for deg, og for å finne gode måtar me kan gjere ting smartare og betre på saman. For auka berekraft for verda, vårt nabolag, deg og meg.
Små og store steg i rett retning - kvar einaste dag.
Banken vart miljøfyrtårnsertifisert i 2020, og i banken sin miljøpolicy framgår det at:
"Banken skal arbeida kontinuerleg med å betra våre prestasjonar som kan virka negativt på klima, miljø og arbeidsmiljø. Me skal etterleva både lovpålagte og eigne krav."
Banken legg serleg vekt på desse faktorane i arbeidet med klima, miljø og arbeidsmiljø: