
Store marknadsrørsler – difor bør du halde deg til planen
Uroa i aksjemarknaden før påske er ei påminning om at det kan svinge kraftig på kort sikt. Likevel løner det seg for dei fleste å halde fast ved den langsiktige planen.
Onsdag 9. april varsla Trump ein tollpause på 90 dagar for land han meiner er villige til å forhandle. Dette førte til at dei amerikanske aksjemarknadene steig kraftig. Den teknologitunge aksjeindeksen NASDAQ leia an med ein oppgang på heile 12,1 prosent – den største oppgangen på éin dag sidan 2001.
Det er vanskeleg å "time" marknaden
Slike rørsler viser kor uforutsigbar marknaden kan vere, og kor vanskeleg det er å «time» når ein skal kjøpe eller selje aksjar eller fondsdelar. Det viktigaste du kan gjere no er å ikkje få panikk – og halde deg til den opprinnelege spareplanen din.Sjølv om det er gledeleg med opptur, trur vi ikkje uroa er over. Vi ventar framleis eit marknad prega av raske endringar og usikkerheit. Difor er det endå viktigare å ikkje la seg styre av kjensler eller kortsiktige marknadsrørsler.
Vi går no inn i påskeveka. I Noreg held Oslo Børs opent til og med onsdag, medan handelen på dei amerikanske børsane held fram også på skjærtorsdag.
Hugs!
Svingingar er ein naturleg del av det å spare i fond. Den som held ut i nedgangstider, har historisk sett blitt belønna når marknaden snur igjen.