
Kva gjer du viss du blir utsett for svindel?
Å bli utsett for svindel kan vere både ubehageleg og stressande. Men hugs – du er ikkje åleine. Vi er her for å hjelpe deg, og det finst heldigvis gode moglegheiter for å rette opp situasjonen dersom du handlar raskt.
Slik stoppar du svindelen – steg for steg
- Sperr kortet ditt med ein gong
Du kan enkelt sperre kortet i mobil- eller nettbanken. Treng du hjelp? Ring vår døgnopne sperreteneste på 915 03 850.
- Kontakt banken din
Ta kontakt så snart du kan. Samla går vi gjennom det som har skjedd og hjelper deg med å opprette ei reklamasjonssak.
- Meld frå til politiet
I enkelte tilfelle vil vi be deg levere ei politimelding – særleg dersom pengar er overført, eller kortet er brukt.
Få oversikt: Kva har skjedd?
Stopp opp og tenk tilbake:- Har du svart på ein e-post eller SMS som bad om personlege opplysningar?
- Har nokon ringt og sagt dei var frå banken?
- Kan nokon ha fått tak i kortet ditt, eingongskodar eller passord?
- Å finne ut korleis det skjedde, gjer det lettare å beskytte seg vidare.
Slik kan du beskytte deg mot ny svindel
Desse enkle råda kan styrke tryggleiken din:- Følg med på kontoen og sei frå om noko verkar rart
- Del aldri BankID, passord eller kodar – heller ikkje med familie eller vener
- Godkjenn aldri innloggingar du ikkje kjenner att
- Ta kontakt med Posten viss du trur nokon har endra adressa di
- Vurder frivillig kredittsperre hos eit kredittopplysningsbyr
Last ned den nye BankID-appen – for tryggare og enklare innlogging
Vi hjelper deg – når du treng det
Det viktigaste er at du seier frå. Jo før, jo betre. Vi møter deg med forståing – og hjelper deg trygt vidare.
Vil du lære meir om korleis du kan beskytte deg?
nettvett.no – råd om ID-tjuveri og nettvettPolitiet – råd ved nettsvindel