

Gode tips til deg som har kredittkort
Har du allereie fått Eika Kredittkort eller Eika Tilsett? Då er du på god veg til å få betre flyt i kvardagen. For at du skal få best mogleg utbytte av korta dine har vi samla våre beste råd på denne sida.
Fem ting du bør gjere:
- Har du Eika Kredittkort bør du melde deg inn i Fordelsprogrammet. Då kan du spare nokre kroner medan du brukar kortet. Har du berre Eika Tilsett kan du dessverre ikkje melde deg inn i Fordelsprogrammet, men du kan søkje om Eika Kredittkort og ha begge kort hos oss. Finn ut meir om fordelsprogrammet her.
- Les våre månadlege nyheitsbrev! Desse er krydra med gode tips til riktig kortbruk, sesongbaserte fordelar og spennande nyheiter frå mobil- og nettbanken.
- Legg inn kredittkorta dine i alle appar og digitale lommebøker du nyttar (for eksempel Vipps, Ruter, Google Pay, Samsung Pay).
- Betal med kredittkorta dine når du bestiller reiser eller handlar på nett.
- Vurder å sikre kredittkortet ditt med betalingsforsikring.
Visste du at?
Det er lurt å leggje inn både dine bank- og kredittkort i Vipps. Då har du alle korta lett tilgjengeleg når du treng å vippse til vener eller betale med Vipps på nett.