Hopp til innholdet
Kjøper du ein bil, må du også ha forsikringa på plass. Dette bør du tenkje på før du bestemmer deg for kva forsikring du vel.
Ung

Skal du kjøpe din aller første bil?

Då må du ha bilforsikringa på plass. Er du mellom 18 og 23 år får du faktisk nokre ekstra fordelar.

Viss du er i ferd med å kjøpe din aller første bil, er det mykje du må tenkje på. Ikkje minst dette med forsikring.

For du må jo ha ein bilforsikring. Det er faktisk obligatorisk, og den må vere på plass med ein gong bilen er din.

Men det er kanskje ikkje alltid like lett å finne akkurat den forsikringa du treng til akkurat den bilen du vil kjøpe?

Vi gir deg ei kjapp innføring i ting du bør tenkje på når du skal kjøpe din første bilforsikring.

Først skal vi snakke litt om fordelane med vår bilforsikring.

Fordelane med vår bilforskring

60 % startbonus

Er det første gongen du forsikrer en bil hos oss, får du 60 prosent startbonus på bilforsikringa din.

5000 kroner tilbakebetalt

Kjøper du bilforsikringa av oss før du fyller 23 år og køyrer skadefritt dei fem første åra, får du 5 000 kroner tilbake.

Inntil 15 000 kroner for tap av bilnøkkel

Kjøper du Bil Pluss, dekkjer vi tapet med inntil 15 000 kroner om du mistar bilnøkkelen.

No veit du litt om fordelane. Men kva med alt det andre du bør tenkje på? Jo, det kjem no.

Kva slags dekning treng du?

Nokre forsikringar dekkjer det meste, andre berre litt.

Spør deg sjølv: Kva slags bil treng du eigentleg, kor mykje skal du bruke den og kva skal du bruke den til?

Nokre av forsikringane dekkjer for eksempel ikkje uhell der du sjølv skadar bilen din. Då må du punge ut for den reparasjonen av eiga lomme. Har du råd til det?

Les deg opp på kva dei ulike dekningane tilbyr og kva som passar best for deg, bilen din og behova dine.

Kva er skilnaden på ansvarsforsikring, kasko, delkasko og Bil Pluss?

Ansvarsforsikringa er minstekravet – den du uansett må kjøpe om du skal køyre bil i Noreg. Etter den følgjer delkasko som dekkjer litt meir, og slik fortset det opp til Bil Pluss som dekkjer det meste.

Her har vi forklart dei viktigaste tinga dei ulike forsikringane dekkjer:

  • Ansvar: Dekkjer personskade, rettshjelp og førar- og passasjerulykke. I tillegg dekkjer den skade du påfører andre.
  • Delkasko: Dekkjer det same som ved ansvar. Delkasko dekkjer også vegassistanse, tjuveri, brann og glasskadar på bilen.
  • Kasko: I tillegg til det som blir dekt under delkasko, er du dekt for leigebil, maskinskade, bagasje og skadar på eigen bil.
  • Bil Pluss: Dekkjer det same som ved kasko, pluss skade på ekstrautstyr og med ei utvida dekning på maskinskade. Du får også leigebil i 45 dagar, i tillegg til at den dekkjer tap av nøklar og feilfylling av drivstoff.

Med Bil Pluss får du reparert parkeringsbulkar utan bonustap.

Ikkje gløym eigenandelen

Eigenandelen er eit beløp du i enkelte forsikringar sjølv må betale viss du må bruke forsikringa di for å ordne opp i ein skade. Det er ofte ein kostnad du ikkje legg merke til før etter at skaden er skjedd.

Så sjekk kva som gjeld for den enkelte forsikringa ved å lese vilkåra.

Skal du kjøpe en gamal eller ny bil?

Kor gamal bilen er, spelar også ei rolle. Det same om den har køyrt langt eller kort.

Viss du har ein eldre bil, er det ikkje alltid det lønner seg å reparere den om skadane er store. Då kan forsikringane våre delkasko eller ansvar passe for deg.

Er bilen din nyare eller ganske dyr, vil vi anbefale minst kasko på den. Men er bilen ikkje så dyr eller for eksempel har ein høg kilometerstand, kan det etter nokre år også vere nok dekning med delkasko.

Viss bilen din er under tre år gamal kan du ha rett til ny bil viss det er veldig dyrt å reparere bilen viss den blir skada. Forsikringa Bil Pluss dekkjer dette i tre år, og kasko i eitt år.

Kva med prisen?

Jo meir du ønskjer å beskytte deg, jo dyrare blir forsikringa. Men det er også mange andre ting som påverkar den endelege prisen.

I denne artikkelen har vi samla nokre av dei aller viktigaste faktorane som påverkar prisen på bilforsikringa di.

Å velje forsikring kan verke komplisert, men det treng det ikkje å vere. Vi er her for å hjelpe deg med å kome i gang.

Med gode rabattar og fordelar for deg som ung sjåfør, ønskjer vi å gi deg ein god start bak rattet.

Samanlikn og kjøp ein bilforsikring av oss i dag.

Kjøp bilforsikring

Hos oss kan du kjøpe fire forskjellige bilforsikringar. Sjekk kva som passar til ditt behov.