Hopp til innholdet
Jente og gut kosar med hunden mellom seg
Din trufaste ven fortener det beste. Difor er det viktig at du veit kva du skal gjere viss noko skjer.
Hundeforsikring

Tryggleik for fire poter. Slik kan du hjelpe din firbeinte ven

Når ulykka først er ute, gjeld det å vere godt førebudd. Her får du nokre enkle tips til å ta vare på hunden din viss noko uventa skjer.

Eig du ein hund, ser du gjerne på den som ein del av flokken din.

Men akkurat som med alle andre flokkar, kan uforutsette ting og uhell plutseleg skje. Då er det viktig at du er godt førebudd slik at du kan hjelpe dei når dei treng det som mest.

Her deler vi nokre enkle tips og triks for å hjelpe deg og hunden din, og vi byrjar med ting du kan førebudde allereie no.

Vit kvar du henvender deg og ha telefonnummer klare

Ha alltid telefonnummeret til veterinæren lagra på telefonen din.

Finn ut kvar den næraste veterinærklinikken ligg og når dei har oppe. Finst det ein døgnopen veterinærvakt i nærleiken?

Last ned FirstVet-appen og registrer kjæledyret ditt – jo før dess betre. Les meir om FirstVet her.

 Har du kjøpt ei hundeforsikring frå oss, får du tre gratis videokonsultasjonar av FirstVet i året. FirstVet er tilgjengelege frå klokka 07 – 24, alle dagar i året.

Er det noko akutt, dreg du straks til veterinærklinikken og ringer på vegen slik at personalet står klare når de kjem.

Ha førstehjelpsutstyret i orden

Enten du er heime eller har tatt med deg hunden på tur, bør du alltid ha førstehjelpsutstyr tilgjengeleg. På turen treng du kanskje ikkje ta med alt, men det viktigaste i ein liten bag.

Her er ei oversikt over utstyret FirstVet anbefaler:

  • Elastisk sjølvklebande bandasje
  • Sjølvklebande bandasje bomull
  • Softban bandasje
  • Sportstape
  • Ikkje-heftande kompresser
  • Gaskompresser
  • Rektal termometer
  • Saks
  • Pinsett
  • Eingongssprøyter
  • Halskrage
  • Snuteband til hund
  • Pre/probiotika
  • Elektrolyttløyving (fremmar væskeopptak)
  • Klorheksidinhaldande produkt (til dømes hibiscrub, Spot Gel).
  • Fysiologisk saltvatn (9mg/ml)
  • Medisinsk honningsalve
  • Fuktigheitsskapande augelegel
  • Flåttfjernar
  • Hermetisk asparges på boks
  • Reseptfrie allergitablettar (cetirizin eller loratidin)
  • Reseptfri kortisonsalve
  • Termometer

Ikke gløym vaksinar og HMS for kjæledyr

Sørg for at kjæledyret ditt har oppdaterte vaksinar og tar ein jamleg helsekontroll hos veterinæren.

Gå gjennom heimen din og fjern potensielle farer, som giftige plantar eller små gjenstandar som kan svelgjast.

Eksempel på kva som kan vere giftig for hunden din er:

  • Sjokolade
  • Rosiner og druer
  • Nøtter
  • Xylitol
  • Lauk eller kvitlauk
  • Jern
  • Giftige plantar som liljer, liljekonvall, amaryllis, svibel, monstera, juleroser, julestjerner og thuja.
  • Smertestillande som Paracetamol og Ibux
  • Frostvæske
  • Rottegift
  • Narkotiske stoff

Bli kjend med hunden din. Merkar du noko er gale, følgjer du litt ekstra med.

Ikkje gløym band og refleksar. Sjølv den mest lydige hunden kan bli skremt eller distrahert. Så hugs bandet og bruk refleksar slik at hunden blir synleg i mørket.

Med desse råda er du godt på veg til å førebyggje i det daglege. Men kva gjer du når meir akutte situasjonar oppstår? Under har vi samla ei rekkje spørsmål og svar om det skulle skje.

Mykje av kjelda til svara er henta frå FirstVet.

Spørsmål og svar om typiske situasjonar som kan oppstå

Ring veterinæren straks. Skildre kva bikkja di har ete (viss du veit det) og eventuelle symptom du har observert.

Dra til veterinæren eller naudklinikken så fort som mogleg.
Sjølv om hunden din verkar ok no, kan nokre giftstoff byrje å verke seinare.

Ta gjerne med deg emballasjen
når du dreg til dyrlegen viss du har den. Det kan hjelpe veterinæren med å identifisere giftstoffet og gi den rette behandlinga.

Ikkje prøv å få hunden din til å kaste opp,
viss ikkje veterinæren din har bede deg om det spesifikt. Er det behov for det, skal dette normalt gjerast innan 1-2 timar.

Hald hunden din roleg
og prøv å halde deg sjølv roleg. Er du roleg, kan det hjelpe hunden din å føle seg rolegare i ei stressande situasjon.

Ting som hanskar, plastposar, leiker eller skarpe gjenstandar kan fort føre til indre skadar på kjæledyret ditt.

Veit du at hunden din har svelgt noko den verkeleg ikkje burde, kontaktar du veterinæren straks. Sjølv om bikkja di verkar heilt ok, kan framande gjenstandar forårsake interne skadar eller blokkeringar.

Ikkje prøv å få hunden din til å kaste opp, viss ikkje veterinæren din har bede deg om det spesifikt.

Overvåk kjæledyret ditt nøye. Sjå etter teikn som oppkast, sløvheit, magesmerter, endringar i avføringa eller andre symptom på at den ikkje har det bra.

Førebu deg på ein tur til veterinæren. Veit du kva hunden din har svelgt? Har du kanskje emballasjen eller delar av tingen dei åt? Ta vare på det. Det kan hjelpe veterinæren gi den rette behandlinga. I nokre tilfelle kan det vere nødvendig med røntgen for å finne ut kvar gjenstanden er og om den utgjer ein risiko.

Kontakt veterinæren straks. Sjølv om hunden din verkar i orden no, kan reaksjonar på hoggormbitt variere og nokre symptom kan kome seinare.

Hald deg roleg og hald kjæledyret ditt roleg.
Jo rolegare og meir stille kjæledyret ditt er, jo seinare vil gifta spreie seg gjennom kroppen. Ikkje la hunden din springe eller bli for aktiv etter bittet.

Ikkje forsøk å suge ut gifta eller lage eit snitt der den er biten.
Dette kan gjere situasjonen verre.

Ikkje bruk is eller kaldt vatn på bittstaden.
Dette kan også forverre situasjonen ved å konsentrere gifta i eitt område.

Hald bittområdet nede (viss mogleg).
Prøv å halde området der kjæledyret ditt er biten lågare enn hjartet for å redusere spreiinga av gifta.

Transporter hunden din til veterinæren så raskt som mogleg.
Ber kjæledyret ditt om nødvendig for å minimere aktiviteten.

Slit hunden din med magen, er det viktig at den tek det med ro, kviler mykje og rører seg mindre. Det kan også vere lurt at de unngår kontakt med andre kjæledyr til utfordringane har blitt betre igjen.

Er smertene langvarige, anbefaler vi at du kontaktar veterinæren.

Hald eit auge med hunden din. Sjå etter andre symptom som slappheit, redusert matlyst, auka tørste, magesmerter eller oppblåstheit.

Kan det vere noko den har ete? Har dei fått eit nytt fôr, ete noko dei ikkje burde eller kan dei ha fått i seg noko giftig?

Gi dei ein liten pause frå maten. Viss kjæledyret ditt framleis vil ete, kan du vurdere å ikkje gi dei mat i ein litt lengre periode enn normalt (men sørg for at dei har tilgang til reint vatn). Dette kan gi magen deira ein sjanse til å roe seg. Når du introduserer maten igjen, startar du med litt mindre mengder.

Pass på at den drikk nok. Diaré og oppkast kan føre til dehydrering. Sørg for at den alltid har tilgang til reint vatn. Vil den ikkje drikke, kan du prøve å tilby dei til dømes små isbitar.

Kontakt veterinæren viss oppkastet eller diaréen er vedvarande, inneheld blod, eller viss hunden din viser teikn til alvorleg ubehag eller andre symptom. Då ringer du veterinæren straks.

Oppkast og diaré som veterinæren meiner det er forsvarleg at du behandlar heime, kan du få reseptar for. Men pass på at du følgjer veterinæren sine anbefalte medisinar. Ikkje gi medisinar som er berekna på menneske.

Det kan vere mange grunnar til at hunden din halter, og nokre er meir alvorlege enn andre.

Har kjæledyret ditt tydelege smerter og beinbrottet er openbert, må du kontakte veterinæren med éin gong.

Ver forsiktig når du handterer skaden. Prøv å stabilisere brottet med til dømes ei avis eller ein liten planke og bandasje det forsiktig på plass før du dreg til dyrlegen. Ikkje stram bandasjen for hardt.

Ver forsiktig når du transporterer kjæledyret til dyrlegen. Har hunden din mykje smerter, kan du prøve å bruke ei solid, flat overflate for å bere den bort til bilen. Bruk eit teppe eller eit handkle for å dekkje hovudet om hunden din bit eller klorar på grunn av smertene.

Er det ikkje behov for akutt hjelp, kan du forsøke å kjenne på beinet. Ta forsiktig på huda og klem på beina, både rundt ledda og på musklane. Bøy og strekk på beinet og undersøk potane, klørne, mellom tærne og tredeputene.

Viss årsaka er eit ope sår, kan du klippe bort pelsen og gjere det reint med saltvatn og smøre på eit bakteriedrepande produkt som til dømes honningsalve.

Viss du oppdagar eit utslett eller eksem, kan du prøve å sjamponere med ein sjampo som inneheld klorhexidin. Sett gjerne på ein krage, slik at hunden din ikkje slikker på utslettet.

Du bør vurdere om du skal kontakte veterinæren om utslettet ikkje blir borte eller blir verre.

Flått kan overføre sjukdomar til både menneske og kjæledyr, så det er viktig å fjerne dei riktig og raskt. Bruk gjerne eingongshanskar når du gjer dette.

  1. Bruk ein flåttfjernar eller pinsett og prøv å ta tak i flåtten så nær huda som mogleg.
  2. Trekk flåtten ut med ei jamn og oppoverretta rørsle – utan å vri eller klemme. Målet er å få ut heile flåtten, inkludert hovudet.
  3. Ikkje knus flåtten, det kan føre til at flåttens væske kjem på huda til kjæledyret ditt.
  4. Desinfiser området. Når flåtten er fjerna, rengjer du bittstaden med litt klorhexidin. Vask også dine eigne hender grundig.
  5. Kast eller drep flåtten. Stapp den ned i ein behaldar med alkohol for å drepe den, eller kast den i do. Ikkje prøv å knuse den med fingrane dine.
  6. Observer kjæledyret ditt. Hald eit auge med bittområdet for teikn på infeksjon, som raudheit, heving eller varme. Nokre kjæledyr kan også vise teikn på sjukdom etter eit flåttbitt, som feber, slappheit, tap av appetitt eller hovne ledd. Viss du merkar nokre av desse symptoma, bør du kontakte veterinæren.

Bur du i eit område i landet som er mykje plaga av flått, bør du vurdere å kjøpe flåttmiddel.