Hopp til innholdet
to jenter som leser om BSU - Boligsparing for ungdom
BSU

Kvifor er BSU-sparing smart?

Du har kanskje høyrt om Boligsparing for unge, eller BSU, og at det er lurt å ha. Men kva er det eigentleg, og kvifor bør du ha det?

Fordelar med BSU (Bustadsparing for unge)

BSU er sparing for deg som er mellom 18 og 34 år og har lyst til å kjøpe din eigen bustad i framtida. Det er tre store fordelar med å spare på BSU, som du ikkje får når du sparar på sparekonto:

  • Få vår beste sparerente

    Renter er pengar du får av banken for å spare. For kvar einaste krone du set inn på BSU, får du bankens beste sparerente.

  • BSU sparing gir deg skattefordel

    Sparar du pengar på BSU, kan du få tilbake opptil 2 750 kroner på skatten kvart einaste år. Eit lurt tips er å sette dette beløpet rett inn på BSU-kontoen igjen.

  • Bevis på at du kan spare

    Er du flink til å bruke BSU, viser du banken at du klarar å spare, og dette kjem godt med når du vil kjøpe din første bustad. Bankane likar gode spararar og flinke betalara.

Kvifor bør eg spare til bustad?

Du synest kanskje det verkar litt fjernt å spare pengar til bustad når du er ung, men husk at dei aller fleste bruker ein stor del av pengane sine kvar månad på ein stad å bu, anten dei leiger eller eig. Når du eig din eigen bustad, betaler du ned på bustadlånet ditt. Kvar månad blir bustadlånet litt mindre, og du eig litt meir sjølv. På den måten har du mest sannsynlegvis meir pengar og eigenkapital den dagen du sel - utan å ha spart noko ekstra. 

Men viss du vil eigje din eigen stad å bu, må du som regel spare ein del pengar til eigenkapital, og jo tidlegare du byrjar å spare, jo betre er det.

Korleis skal eg klare å spare?

Byrja med små, faste beløp som du klarar å halde deg til, og ikkje ta noko ut igjen sjølv om det kan freiste. Det blir pengar av det også etter kvart.

Sjølv om det er viktig å spare, er det også viktig å ha det gøy, studere, reise og vere sosial. Viss du set av eit fast beløp kvar månad, sparar du deg sjølv for mykje penge-stress.

Korleis skal eg kome i gang med BSU sparing?

Bestem deg for å kome i gang og gjennomfør det. Det er lett å tenke at det ikkje passar så godt no, og at det kan vente til ein tener meir pengar seinare. Om du sparar jamleg frå du er ung, får du ikkje berre gode vanar, men også betre økonomi, meir pengar til opplevingar og moro, og eit betre vaksenliv. 

Start BSU-sparingen i dag.

Bustadguiden

Det er mykje å tenke på når du skal kjøpe, byte eller selje bustad. Vi gir deg steg-for-steg oversikt over kva du bør tenke på både før, undervegs og etter kjøp av bustad.